GWCN – Sogn og Fjordane får ny DR (distriktsrepresentant)!

Formelt får alle medlemmane av klubben heimehøyrande i Sogn og Fjordane mogelegheit til gi sin tilslutning til val av ny DR. Vi vil syte for at alle medlemmane får personleg informasjon på e-post med frist til midten av oktober til å gi sin tilslutning på valet eller andre innspel.

Eksisterande DR, Sigurd Martin Årskaug har i sms gitt samtykke til at han vert fristilt frå rolla som DR. Sigurd er ein særs travel person som ikkje no ser rom for å bruke nok tid som DR. Vi takkar Sigurd for innsatsen og gjer samtidig framlegg om ny etterfølgjar; Stein Arne Kvamme. Stein Arne er busett i Halsør like ved Måløy – kanskje den vakraste kystbyen i Sogn og Fjordane.

Stein Arne skriv dette om seg sjølv: Eg er 53 år bor på halsør i nerheten av Måløy. Har fire barn og samboer. Eg er litt over middels intrisert i motorsykkel . Og spesielt goldwing. Og eg ser på meg selv som ein rettferdig person som er lett og komme i kontakt med.

Det vert stilt krav til aktivitet. Formål med stillingen/rollen som DR er å organisere klubben sin aktivitet i sitt geografiske distrikt, fremja eit lokalt miljø i samsvar med GWCN og GWEF sine intensjonar og vere bindeledd mellom det einnskilde medlem og GWCN ’sitt styre. Det er utarbeidd fullstendig stillingsinstruks for rolla.